Lofoten

Film fra skoleåret 2019/2020

 

Avslutningsturné med Fjellheim bibelskole til Lofoten. Rorbu, fisk, kajakk, midnattsol, fjell, fish, kayak, midnight sun, mountains, drone, Leknes, Henningsvær, Å, Stamsund.

 
 

To tidligere elever (2017/2018) forteller

18.–20. mai tok vi på Fjellheim turen til Bodø for å delta på regionkonferansen i NLM region Nord. I løpet av helga hjalp vi til med musikk, praktiske oppgåver og på barneopplegget. Etter regionkonferansen drog vi til Lofoten, for den årlege avslutningsturneen.

Måndagen nytta flesteparten av elevane til å utforske den spektakulere Lofotnaturen med fjelltur til Kvalvikstranda. Tradisjon tru vart det sandslott-konkurranse på stranda, noko som resulterte i mange storslåtte kreasjonar. Resten av elevane besøkte vikingmuseet på Borg, og fekk eit interessant og levande møte med vikingtida.

På tysdagen drog me til Glasshytta i Vikten, der me fekk sjå ein glasblåsar i aksjon, samt studere utstillinga av mange ulike glasformasjonar. Frå Vikten drog me vidare til smeden i Sund, som gav oss både lirekassekonsert og ei framsyning av korleis han smidde ein skarv. Siste post på programmet var eit besøk på tørrfiskmuseet i Å, der me fekk ei spennande og humørfyllt innføring i tørrfisk-produksjon. Me avslutta dagen med sang- og delekveld.

Onsdagen køyrde me til Henningsvær, for å nyte naturen og diverse kafévarer på Lysstøyperiet. På ettermiddagen vart det fjellturar til ulike toppar, og på kvelden drog me alle saman til ...- stranda. Alt i alt har det vore ein fin turne, med mange kjekke opplevingar og mykje kjekt sosialt.

-Anita Espevik og Helene Nygård