Teamtur: Island

Eg var ein av 8 elevar som fekk dra til Island på haustturné. Eit land med vanvitig og storslått natur. Spisse haugar, store isbrear, lange strender og sprekkar i jordskorpa som verkeleg fekk oss
til å fundere over skaparverket. For det er ganske surrealistisk å bade i ei elv med 46°C midt oppå eit fjell. Likevel likna det mykje på Noreg. Med blant anna mange av dei same matvarene og liknande språk kjende vi oss nesten heime.

Ein gjennomsnittleg dag på Island såg om lag slik ut: vakne i Kristskirkjan der vi sov, ete frukost med

norsk pålegg, morgonmøte med ein misjons- organisasjon, bading i ei av dei offentlege bassenga, heimelaga middag i kyrkja, kveldsmøte i ei anna

kyrkje, iskrem, refleksjon og drøs. Med denne rutinen seier det seg sjølv at vi møtte mange menneske. Vi fekk også teste ut mange basseng- anlegg og isbodar i hovudstaden. Det er nemleg desse stadene islendarar dreg for å sosialisere.

Men det som gjorde verkeleg inntrykk på oss var menneskemøta. Om det var dei vaksne frå rehabili- teringssenteret, jamgamle på det felleskyrkjelege ungdomsmøtet, eldre misjonærar på føremiddags- møta eller tilflyttarane på islandskkurset.

Uansett kven vi prata med lærte det oss noko om kristenlivet. På Island er det nemleg ganske annleis å vere kristen. Sjølv om dei fleste, som i Noreg, er både døypt og konfirmert i kyrkja, er det normale

synet at kristendommen «skitnar til» borna sin lærdom. Mange vi snakka med hadde opplevd meir ekskludering enn aksept, sjølv frå familien. Det er vanskeleg å setje seg inn i.

Eg er veldig takksam for moglegheita til å besøke dette spanande landet. Ikkje berre for å sjå, men også for å få hjelpe dei kristne som finst der.
I framtida vonar eg det kan vere til inspirasjon. Slik at vi kan vere lys i mørket.

Mathilde Øien Kloster, bibelskoleelev

Fjellheim Bibelskole