Andakt

 

Trøysta, trøysta folket mitt! seier dykkar Gud. Tal venleg til Jerusalem og rop til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er betalt, at ho av Herrens hand har fått dobbelt att for alle syndene sine
(Jes 40,1-2)

Det kan vere vanskeleg å gå i møte med bodskapen om Gud som «all trøysts Gud» (2 Kor 1,3), om ein slit med å finna trøyst i sitt eige liv. Livet kan opplevast so mørkt og tungt samstundes som det verkar som om Gud er langt vekke. Dette græt eg over. Auga mitt, auga mitt renn bort i vatn. Trøystaren som kunne kveikja sjela mi, er langt borte frå meg... Herren er rettferdig, for eg trassa boda hans. (Klag 1,16 & 18) Som David på si kvilelause ferd i Israel etter ein stad han kunne bygga noko til Gud (Sal 132, 1ff ), leitar ein i sitt eige hjarta etter det minste godt ein kan koma til Gud med, men det er nyttelaust.

Då er det lett å tenka med Klagesongane, at ein hadde sjansen, men tok han ikkje. At det var trøyst å få, men no er det for seint. Han kunne trøysta, men er no gått vekk. Synda er vorte so stor, at nå forten ein all dom og straff over livet.

So er det her Jesaja kan koma til hjelp. Versa til innleiing talar nemleg om kjennsgjerningar som har skjedd! Det er altså ikkje slik, som det ofte er so lett å tenka, at Gud eingong skal forsonast, og at synda skal slettast ut. Nei, Gud er forsona, og synda er sletta ut! Frelsesgrunnlaget ligg ikkje i noko ein må gjera eller oppnå. Den ligg heller ikkje ei manglande kjensle av trøyst eller fred. Det ligg i noko som hende for 2000 år sidan. Då vart Jesus såra for våre brot. Då vart han knust for våre synder. Då vart straffa lagt på han for at me skulle ha fred.

Også Jerusalem fekk dette svaret etter ropet til Gud. Straffa di er Fullførd! (Klag 4,22) Han var aldri langt vekke. Heller det motsette. Herren er nær hjå dei som har eit sundbrote hjarta, og han frelser dei som har ei knust ånd. (Sal 34,18)

So har alle elevane enormt mykje å sjå fram til i året som ligg framom, men fyrst og fremst er vona at dei ser bakover. At blikket er festa på det som har skjedd, det som er gjort. Og at dette er ein sanning ein kan leva i. Då er det ikkje berre von for året, men for æva.

Av Sigmund Rodal, Nord-Norgeteamet

Fjellheim Bibelskole