Bli kjent med Nord-Norgeteamet

Hva er det, og hva gjørt det?

Teamet består av 4 personer som alle gikk på Fjellheim Bibelskole i fjor. Disse ungdommene reiser rundt i Nord-Norge og bidrar i barne- og ungdomsarbeidet til Misjonssambandet (region nord) gjennom barnelag, leirarbeid, møtevirksomhet samt flere besøk til Nordborg VGS og Val VGS.

Spørsmålene som ble stilt:

1. Hva heter du og hvor kommer du fra?
2. Hvorfor ville du være med i Nord-Norgeteamet?
3. Hva har du hatt mest glede av til nå/hva har vært mest gøy?
4. Har du et bibelvers som du er glad i, eller som har betydd mye i det siste?

Håkon Garvik

1. Hei, eg heiter Håkon Garvik, og kjem ifrå Lomen i Valdres.

2. I fjor gjekk eg i lag med de andre i Nord-Norge teamet på Fjellheim Bibelskule. Det var eit veldig fint år, med mykje god undervisning. Gjennom året reiste me ein god del rundt, og syntest det var so kjekt at eg ynskjte eit år til i Nord. Nord-Norge Teamet for meg ein god moglegheit til å hente erfaring frå å drive kristent arbeid, spesielt blant barn og unge. Teamet er ei veldig variert eittåring stilling, der ein får drive evangeliserande arbeid blant menneske i ulik alder.

3. Trivst svært godt i teamet, og sett stor pris på mangfaldet blant de vi møter. Nokon tå høgdepunkta for meg er ung disippel, og det å treffe søkande elavar på både Nordborg og Val.

4. «Dersom vi bekjenner våre synder, er han trofast og rettferdig, så han forlater oss syndene og renser oss fra all urettferdighet.»

Sigmund Rodal

1. Heisann! Eg heiter Sigmund Rodal og er stolt Jærbu frå Klepp Stasjon

2. Mange, kanskje spesielt unge, her i nord, lid stor naud. Det er få møtepunkt, og lite kristent ungdomsmiljø i heimbygdene. Men det er lite som skal til for å få ungar og ungdomar inn på bedehuset, og nokre plassar har dei nesten 100 prosent oppmøte av dei unge på arrangementa sine! Det å kunne vera med på dette, merker ein har mykje å seia for dei ein møter, men også ein sjølv.

3. Det er alltid godt å koma til Finnmark, og dei to vekene me har hatt der til no har absolutt vore eit høgdepunkt. Samstundes er det også enormt givande å vera innom skular som VAL og Nordborg, samt andre møtepunkt for både unge og gamle.

4. «Herre! Du skal hjelpe oss til fred. Alt det vi har gjort, har du utrettet for oss.» Jesaja 26:12

Tom Arne Straumstein

1. Eg heiter Tom Arne Straumstein og komme fra Fogn, som er ein øy utføre Stavanger.

2. Eg ville være med i Nord-Norge Teamet for å kunne dele Ordet om Jesus til barn og ungdom, slik at dei ikkje trenger å forville seg ut i denne verden og vekk fra Gud. Eg hadde sjøl hatt behov for et «Nord-Norge Team» i min ungdomstid, men fikk det ikkje. Derfor vil eg være med i Team.

3. Alt så langt har vore kanon, men det kjekkaste har vel vore besøk til Nordborg og VAL Vidargåande skuler. Det å kunne få bli kjent med elevane og å få snakket med dei har gitt meg mye glede.

4. «Ham som ikke visste av synd, har Gud gjort til synd for oss, for at vi i ham skal bli rettferdige for Gud.» 2 Korinter 5:21

Sarah Kleppe Akselsen

1. Hei! Eg heitar Sarah Kleppe Akselsen, og kjem frå Kleppe i Rogaland.

2. Mitt største ynskje er å la Gud få bruke meg til å føre andre sjeler til frelse eller blir bevart, om så «berre» éi! Når alt kjem til alt er det det viktigste: å nå målet, det evige liv. Der Nord-Noreg Teamet reiser og arbeider (Noreg generelt) er ei misjonsmark, og eg tenkte det ville vere veldig lærerikt for eiga trusliv og utad dersom eg fekk bli med i det. I tillegg er det varierte arbeidsdagar og steder, noko som gir fleire ulike erfaringar som ein kan ta med seg vidare i livet og i arbeidet. Uansett er det godt å vite at Gud kan bruke ein der ein er.

3. Må eg velje? Har satt pris på alt på kvar sin måte!

Å vere på leir på Karalaks, med rundt 30 herlege born, der få av dei er frå ein kristen heim, har vore verdifullt: Å spre Guds Ord, Jesu kjærleik og tryggleik, leke og syngje med dei. Samt kvardagen på Fjellheim, kome heim til folk, samt dei andre reisene rundt!

Det å få ha morgenandakt på Val, ein kristen skule med en færre prosent kristne elevar har vore ein utruleg verdifull opplevelse. Eg hadde ikkje alltid (enno) tort å byrja å snakka med ein tilfeldig person på gata om Jesus, men her, i
denne jobben er dette vi gjer: å fortelje andre om Jesus. Altså er det heilt naturleg, noko som tek bort litt av frykta. Takk Gud.

4. Vanskeleg å plukke ut berre eitt gullkorn frå ei svær skattekiste.

Romerne 10:13: «For hver den som påkaller Herrens navn, skal bli frelst.» Tro er å kalle på i nød, å ha tillit til Jesus, klamre seg til/velte oss i hans armer. Kvile hjå Han.

Ordspråkene 10:22: «Det er Herrens velsignelse som gjør rik, og eget strev legger ikke noe til.» Gud gir og har gitt oss alt, og me mykje å takke for! Han arbeidar og gjer i overflod.

Fjellheim Bibelskole