Podcast Flashcast Facebook

Eg har fått sjå Jesus Kristus!

20.06.2010

Lars Inge Sindland er ein blid sørlending som har valt å gå eit år på Fjellheim Bibelskole langt mot nord. Han trivst godt med det, og Lars Inge er ein mann som kan det å laga god stemning. Han er yrkessjåfør, og skal attende i sin gamle jobb frå sommaren av.

Kva har eit år på bibelskule gjort med deg, Lars Inge?
-  Eg har i alle fall vorte betre kjend med meg sjølv, Jesus og Bibelen. Jesus har vist meg kven eg er, det vert slik når ein les mykje i Bibelen. Det viktigaste er Jesus, og det han har gjort for meg som redningsmann. Det har vore trusstyrkjande for meg. Det har vorte eit nytt vitnespyrd kan ein sei. Det står i eit sangvers; ”Sjå på han, sjå din redningsmann”. Eg har verkeleg fått kvila i evangeliet i år! Gode venskap der unge kan samlast om ordet og dela bøneemne har eg òg byrja å setja pris på.

Kva er det som sit best att når året snart no er over?
-  Mykje av undervisinga i Romarbrevet sit og kjem til å sitja lenge, Knut sine illustrasjonar og slikt. Der har me fått høyra ifrå Romarane 8 og Kolossarane 3 om det gamle og det nye mennesket. Dessutan har den sentrale songen ”Ren og rettferdig, himmelen verdig er eg i verdens frelser alt nu” vorte mitt vitnespyrd. Mange av dei andre timane har òg vore interessante, truslære og til og med sjelesorg. Det hadde eg ikkje trudd var mi greie, men det er viktig å læra om andre sine behov og personlegdomar.

Kan du beskriva året ved Fjellheim Bibelskule med fem ord?
-  Frelsesvisse, trusliv, opplevingar, venskap og glede

Tips til neste års kull?
Gå inn i året med ei open instilling til Gud, for det Han vil gje frå Bibelen.
Fylg godt med i timane, der er masse å henta til nytte seinare i livet. Dessutan er det viktig å nyta året med venene, det er fort over!


Hanne Sukkestad er frå det flate Austland, nærare bestemt frå ”den rette sia ta Mjøsa”. Ho skal vera ein av dei tre eittåringane på Fjellheim neste år. Det må vel tyda på at ho trivst på skulen.


Korleis har bibelskuleåret påverka deg, Hanne?
-  Eg har vorte enno meir sikker på kva eg trur på, ser mykje meir at det er av nåde. At det er ingenting å gjera sjølv. Det har og vorte enklare å lesa i Bibelen, sidan eg skjønar meir. Likevel forstår eg enno ikkje alt.
Jesus leier oss dit han vil, det har eg sett om mogeleg enno klårare på dette året. Dessutan har eg fått klarheit i spørsmål ein kan lura på, til dømes det med dåpen.
Året har elles gått litt opp og ned, det har vore periodar der skuledagane var tunge, men så fekk eg gjerne ei oppklaring, og vart oppreist. Når eg har det viktigaste klart for meg, så forstår eg meir av den andre undervisisnga og.

Har du noko du kjem til å minnast spesielt?
-  Ja, Efesarane 2,8 er fint; For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve. Eg har òg mykje med meg frå undervisinga med Jan Tore Olsen i Bolivia. Ofte om fredagskveldane har me stått ute på gata og evangelisert. Då har eg lært mykje om korleis andre tenkjer, så har eg lært om korleis me skal møta dette i timane.

Kan du beskriva året ved Fjellheim Bibelskule med fem ord?
-  Lærerikt, fantastisk, givande, morosamt og stadfestande

Du skal skifta rolle til tilsett neste år, men kva vil du minna dei nye elevane på?
-  Fylg med i timen og ta tid til Guds ord åleine samtidig.


Nathanael Larsson er ein av dei to svenske elevane ved bibelskulen i år. Han kjem frå same strøka som Emil i Lønneberget vaks opp, men er ein langt meir påliteleg og god kar. Eit godt emne for ei utspørjing på slutten av året.

Eit år i kalde Nord-Noreg er vel nok for ein sør-svenske?

-  Nei, eg trivst faktisk så bra i Noreg at eg har tenkt meg å arbeida eit par år i heimetenesta her i Tromsø frå hausten. Eg skal bu med vener eg har fått i år. Deretter vert det kanskje å studera sykepleie, ”mykcet möjligt i Norge”.
Fått sjå Jesus Kristus

Når Nathanael skal fortelja om korleis året på bibelskule har påverka han, har han mykje godt på hjarta:
-  Eg har på det siste året utvikla meg som person. Eg har vorte betre kjend med meg sjølv, funne nye sider ved meg. Det største er likevel at eg har fått sjå Jesus Kristus, og han krossfest. Han elskar meg, og det hadde eg ikkje sett før. Eg visste at Jesus hadde døydd for meg, men det hadde ingen betydning for meg.

Har du spesielle minne frå Fjellheim?
-  Eg kjem nok til å hugsa lenge den varmen som er mellom elevane her. Mange intrykk frå Bolivia har festa seg. Eg har sett fattigdom, at det faktisk finst, og gateborn som ikkje har mat å eta. Verset ”Lev i hans frie nåde, så lever han sjølv i deg!” har Knut nemnt ein del gonger i si undervising, og det har fått betydd mykje for meg. Det same gjeld Gal 2,20, det har eg stansa mykje for i år. Gud lever i oss, i oss sjølve er me ingenting, men i Kristus er me alt. Knut har og snakka mykje i Romarbrevstimane om Rom 5,2, at sjølv om me fell, varar nåden ved.

Kan du beskriva året ved Fjellheim Bibelskule med fem ord?
-  Bibelundervising, fellesskap, kjærleik (mellom sysken i trua, ”det andra har jag inte snabbats för så mycket”), turar og kjennskap (til Gud, menneske og deg sjølv)

Har du nokre erfaringar du vil dela me andre som skal gjera det same etter deg?
-  Bruk Bibelen din på eiga hand! I lønkammertimane, og ta deg tid elles. Det er kjekt å vera i fellesskapet med kompisar, men der er utruleg mykje rikare med Gud. Ta vare på deg sjølv med tanke på søvn nok til kvar skuledag. Og snakk med lærarstaben så fort du lurar på noko for deg sjølv. Det er difor dei er der. 
 

Martha Oline Birkeland er den livlege finnmarksjenta vår. Ho var mellom dei som valde å reisa til Mongolia/Kina i vinter, og er elles ein viktig miljøskapar i daglegstova.


Planar for neste år, Martha Oline?
-  Eg skal bu her i Tromsø og studera til sjukepleiar (ikkje akkurat noko uvanleg yrke for kristen jenter, hehe)
Positiv påverknad
-  Bibelskuleåret har gjort meg meir bevisst på kva eg trur på, eg har teke standpunkt for det eg meiner. Men ikkje nødvendigvis endra så mykje meiningar frå det eg var van med før.  Mykje har vorte klarare, eg har fått betre innsikt i Bibelen. Det gjer noko med ein å høyra frå Bibelen, verta fylt opp, kvar dag. Det har påverka korleis eg er som kristen person, seier Martha Oline.

Er det noko du vil koma til å minnast spesielt?
Rom 8,1; Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. Dette verset minnest eg frå ein tale av Johannes Kleppa under kortkurs i vinter. Det er inga fordøming, heller ikkje i kristenlivet ditt, det åndelege. Knut sine timar i Romarbrevet fekk og mykje å bety for meg.

Kan du beskriva året ved Fjellheim Bibelskule med fem ord?
 -  Utfordrande, sosialt, styrkjande, krevjande og givande.

Kva vil du sei til den som skal gå på bibelskule til hausten?
-  Stå opp sjølv om det er hardt! Og så ville eg ha brukt lønkammertimane godt. Kjem lysta til å sova dei bort, så les i alle fall i Bibelen fyrst. Set av tid til å verta kjend med Gud berre du åleine, bur du på dobbeltrom så finn din eigen plass.

 

Adresse: Mellomveien 96, 9006 Tromsø, Tlf: 77 75 55 60, Epost:fjellheim@nlm.no